tirsdag 8. september 2020

Nomek søkjer SERVICELEIAR

Nomek er inne i ei spennande utvikling og har nyleg etablert selskapet Nomek Service AS for å målrette satsinga vår mot service og ettermarknadsegmentet for lastebilpåbygg. Vi treng ein motivert og målorientert SERVICELEIAR som kan hjelpe oss til å utvikle verksemda vidare.

I starten vil du jobbe saman med ei prosjektgruppe for å utvikle, selje og marknadsføre ettermarknadskonsept. Kjerneaktivitetar i prosjektet vil vere å finne fram til pilotkundar som kan bidra med gode innspel til utvikling av ulike tenestekonsept. Vi skal vidare etablere samarbeidspartar/nodar i eit partnarnettverk for å dekke påbyggsmarknaden til Nomek både innanlands og i Sverige/Danmark. Operativt salsarbeid mot eksisterande og nye kundar er ein viktig del av jobben og ein del reiseaktivitet må påreknast.

Du må vere ein god relasjonsbyggar, serviceinnstilt, ryddig og strukturert. Du interesserer deg for lastebil og påbygg. Du har eller evnar å tileigne deg teknisk kunnskap om våre påbygg. Du har kremmareigenskapar og kommuniserer godt på norsk både skriftleg og munnleg.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar og inngår i Nomek sitt salsteam. Vi lover deg spennande utfordringar i eit kreativt og livskraftig miljø.

Sjå www.nomek.as for meir informasjon om våre forretningsområde. Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Jon-Rune Heimlid, tlf. 989 05 785. Ta gjerne personleg kontakt.

Søknad sendast på e-post til jrh@nomek.as snarast, seinast 30.09.2020.