tirsdag 8. november 2022

Nomek søkjer fleire medarbeiderar

Nomek er i positiv utvikling og forventar vidare vekst framover.

Nomek er ei mekanisk industribedrift lokalisert i Stryn kommune. Vi er leiande innan våre segment platebearbeiding og lastebilpåbygg.

Vi er i dag omlag 80 tilsette og budsjetterer med ei omsetning i 2022 på MNOK 140. Nomek har solid og god økonomi.

Nomek er i positiv utvikling og forventar vidare vekst framover. Vi ønskjer å styrke organisasjonen vår med nye produksjonsmedarbeidarar.

Aktuell kompetanse:

  • Sveising
  • Montering
  • Bil-elektro
  • Konstruksjon/teknisk teikning

Ønska utdanning og erfaring:

Relevant arbeidserfaring.

Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk eller engelsk.

Personlege eigenskapar:

Stå på vilje.

Engasjert og initiativrik.

Systematisk og strukturert.

Serviceinnstilt og løysingsorientert.

Gode samarbeidseigenskapar.

For ytterlegare opplysningar, ta kontakt med Nomek v/dagleg leiar Jon-Rune Heimlid tlf: 989 05 785.

Skriftleg søknad og CV sendast pr. e-post til jrh@nomek.as.

Søknadsfrist: Snarast.