tirsdag 8. november 2022

Nomek søkjer Serviceteknikar

Vi treng ein motivert og målorientert SERVICETEKNIKAR som kan hjelpe oss til å utvikle verksemda vidare.

Nomek er ei mekanisk industribedrift lokalisert i Stryn kommune. Vi er leiande innan våre segment platebearbeiding og lastebilpåbygg. I tillegg til å produsere eigne lastebilpåbygg er vi forhandlar for finske Fico og italienske Cappellotto i Noreg.

Vi er i dag omlag 85 tilsette og budsjetterer med ei omsetning i 2022 på MNOK 140. Nomek har solid og god økonomi.


Nomek forventar vidare vekst framover og ønskjer å styrke satsinga vår mot service og ettermarknadsegmentet for lastebilpåbygg. Vi treng ein motivert og målorientert SERVICETEKNIKAR som kan hjelpe oss til å utvikle verksemda vidare.


  • Du må vere ein god relasjonsbyggar, serviceinnstilt, ryddig og strukturert.
  • Du interesserer deg for lastebil og påbygg og har førarkort for lastebil.
  • Du har eller evnar å tileigne deg teknisk kunnskap om våre påbygg innan hydraulikk, pneumatikk, elektro og PLS.
  • Du har kremmareigenskapar og kommuniserer godt på norsk og engelsk både skriftleg og munnleg.
  • Operativt servicearbeid er ein viktig del av jobben og ein del reiseaktivitet må påreknast.

For ytterlegare opplysningar, ta kontakt med Nomek v/dagleg leiar Jon-Rune Heimlid tlf: 989 05 785.

Skriftleg søknad og CV sendast pr. e-post til jrh@nomek.as. Søknadsfrist: 25.11.2022.