tirsdag 12. april 2022

Nomek utvidar salsteamet!

Vi søkjer seljar for Nomek sitt produktspekter innan påbygg.

Nomek produserer avvatningsbilar, krokbiler, trekkvogner, dumperbilar og driv ein avansert plateverkstad. Frå 1. januar 2022, vart NOMEK AS ny distributør for Cappellotto sitt produktspekter og FICO-kombibilar for Norge. Cappellotto er Europa sin leiande produsent av industrikøyretøy for sug og spyl, samt transport av farleg avfall.

Har du allereie god erfaring innan lastebil, kanskje som mekanikar, operatør eller sjåfør, er glad i å møte nye folk og er ute etter ei utfordring? Då kan det vere akkurat DEG Nomek treng for å selje produkta til Cappellotto og FICO i Norge.

Du interesserer deg for tyngre køyretøy, har god teknisk forståing, er jordnær og kan snakke språket til arbeidsfolk. Du vil gjerne vere ute på vegen blant eksisterande og nye kundar så mykje som mogleg.

Dine arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Sal av Nomek, Cappellotto og FICO sine lastebilpåbygg til offentlege og private kundar.
  • Opparbeide nettverk og nye bekjentskap
  • Måloppnåing iht. eige og verksemda sitt salsbudsjett

Vi trur at du som får jobben:

  • Har interesse for- og er sterk fagleg på tunge køyretøy og arbeidsmaskiner inn mot vann, avløp og industri.
  • Er svært sjølvgåande.
  • Trivast ute på vegen for å besøke eksisterande og nye kundar.
  • Er god på kommunikasjon, evne til å snakke faget og flink til å lytte.
  • Er initiativrik og nytenkjande.
  • Er inkluderande og har gode kommunikasjonsevner.
  • Er kontaktskapande og god på å byggje nettverk.
  • Er komfortabel med å dele kunnskap og oppsøke sal.
  • Er ryddig, strukturert og effektiv, god forståing for økonomi og IT.
  • Har førarkort for lastebil.
  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt og om du er ein god seljar klarar du sikkert å overtyde oss om at du er rett kandidat sjølv om ikkje alle kulepunkta stemmer for deg.

For ytterlegare opplysningar, ta kontakt med Nomek v/dagleg leiar Jon-Rune Heimlid tlf: 989 05 785.

Skriftleg søknad og CV sendast pr. e-post til jrh@nomek.as.

Søknadsfrist: Snarast.