Cappellotto Spa, leiande produsent av industrikøyretøy for hydrodynamisk reinsing av kanalar og kloakkrørleidningar, for oppsuging av støv og faste material og for transport av farleg avfall, er glad for å kunngjere at frå 1. januar 2022, er NOMEK AS ny eksklusiv distributør for Norge av heile spekteret av Cappellotto-produkt og av FICO-kombibilar for arktisk miljø. Nomek er ein leiande produsent av avvatningsbilar og andre spesialkøyretøy til norsk vann og avløpsindustri. Nomek er også ein anerkjent påbyggar av krokbiler, trekkvogner og dumperbilar og driv ein avansert plateverkstad.
Som Cappellotto fokuserer Nomek på høgkvalitetsprodukt med lang levetid og er rigga til å tilby tenester som sikrar optimal utnytting av utstyret gjennom heile levetida. Nomek er også tildelt den spesielle rolla å yte teknisk assistanse til dei mange norske kundane som har kjøpt Cappellotto- og FICO-utstyr over tid.
Heimesida til Cappellotto: https://www.cappellotto.com/en/
Heimesida til FICO: https://fico.fi/en/