
I Nomek er ingen dag heilt lik den andre. Her blir du ein del av eit sterkt fellesskap med over 80 dyktige kollegaer som jobbar saman for å skape smarte løysingar innan platebearbeiding og lastebilpåbygg. Vi er stolte av kven vi er, kvar vi kjem frå, og kor vi er på veg.
Kven er vi? Nomek er ei mekanisk industribedrift med base i Stryn – omringa av fjordar, fjell og frisk luft. Men det er ikkje berre naturen som tek pusten frå oss! Dei siste åra har vi opplevd ein sterk vekst, og i 2026 reknar vi med å omsette for heile 224 millionar kroner. For å sikre at vi held farten oppe, treng vi no ein avdelingsleiar som kan hjelpe oss med å styrke avdelinga og legge til rette for ein enda meir effektiv produksjon.
Her blir DU ein viktig del av maskineriet som held hjula i gang.
Kva vil du gjere hos oss? Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i kvardagen vår. Du blir limet mellom kontor og verkstad, mellom plan og praksis. Du skal sikre at produksjonen flyt, at folk har det dei treng, og at prosessane er så smidige som mogleg. Du jobbar tett med folk på verkstadgolvet, følgjer opp undervegs – og tek tak når noko ikkje går som planlagt.
Kort sagt: Du blir den som får ting til å skje.
Oppgåvene dine vil omfatte:
Kven er du? Du treng ikkje vite alt, men du bør vere handlekraftig, strukturert og ha eit auge for detaljar. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og du trør til når det trengs. Her er det ikkje alltid eit fasitsvar, så vi leitar etter deg som likar å løyse problem – på lag med andre.
Vi håpar du har, men har trua på at alt kan lærast:
Og eit pluss om du er:
Kvifor velje Nomek? Fordi du ønskjer meir enn berre ein jobb. Du ønskjer eit arbeidsmiljø der folk ser kvarandre, hjelper kvarandre og feirar suksessane saman. Her får du vere med på ei reise i ei bedrift som aldri står stille. Du får utfordringar du veks med, og moglegheiter til å utvikle deg. Du blir ikkje berre ein del av ei bedrift – du blir ein del av eit fellesskap.
Vil du vite meir? Ta kontakt med dagleg leiar Jon-Rune Heimlid på tlf. 989 05 785. Han slår gjerne av ein prat og svarar på spørsmål du måtte ha.
Søknadsfrist: Snarast mogleg, og seinast 15. januar 2026. Send skriftleg søknad og CV til jrh@nomek.as.
Er du klar for nye utfordringar? Vi gler oss til å høyre frå deg!
