
I Nomek As er ingen dag heilt lik den andre. Her blir du ein del av eit sterkt fellesskap med over 80 dyktige kollegaer som jobbar saman for å skape smarte løysingar innan platebearbeiding og lastebilpåbygg. Vi er stolte av kven vi er, kvar vi kjem frå, og kor vi er på veg.
Kven er vi? Nomek er ei mekanisk industribedrift med base i Stryn – omringa av fjordar, fjell og frisk luft. Men det er ikkje berre naturen som tek pusten frå oss! Dei siste åra har vi opplevd ein sterk vekst, og i 2026 reknar vi med å omsette for heile 224 millionar kroner. Vi omorganiserer for å rigge organisasjonen for framtida og treng ein ny ordrekoordinator på vår plateavdeling.
Kva vil du gjere hos oss? Når ein ordre blir riktig frå start, sparer det både tid, pengar og frustrasjon. Du vil vere bindeleddet mellom kundar, sal og produksjon i plateavdelinga vår.
Dette er ikkje ei passiv kontorrolle. Du har tett dialog med kundar og kollegaer, jobbar i systema våre – og sørgjer for at ordrar, prisar og leveransar heng saman i praksis.
Oppgåvene dine vil omfatte:
Kven er du? Du treng ikkje vite alt frå fyrste dag, men det er ein fordel om du kjenner deg igjen i mykje av dette.
Vi håpar du har, men har trua på at alt kan lærast:
Og eit pluss om du er:
Kvifor velje Nomek? Hjå oss får du ei viktig rolle i kvardagen – der jobben du gjer faktisk har noko å seie for kundar, sal og produksjon. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø der folk ser kvarandre, hjelper kvarandre og jobbar tett saman på tvers av avdelingar. Vi er ei etablert verksemd som aldri står stille, og du får varierte arbeidsoppgåver, utfordringar du veks med og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Her får du ordna forhold, konkurransedyktige vilkår – og ikkje minst del av eit godt fellesskap.
Vil du vite meir? Ta kontakt med dagleg leiar Jon-Rune Heimlid på tlf. 989 05 785. Han slår gjerne av ein prat og svarar på spørsmål du måtte ha.
Søknadsfrist: Snarast mogleg, og seinast 15. januar 2026. Send skriftleg søknad og CV til jrh@nomek.as.
Er du klar for nye utfordringar? Vi gler oss til å høyre frå deg!
